mandag 26. november 2012

Fornybar framtid


Alt ligg til rette frå naturen si side for at Sogn og Fjordane kan gå i front på fornybar energi i Noreg. Med nye fakta om alvoret i klimaendringane og trongen for eit lynraskt teknologiskifte frå fossil til fornybar energi, er det også viktigare og riktigare enn nokon gong. Då må Sogn og Fjordane si nyvunne oljelukke bli eit springbrett, ikkje ein endestasjon.

Dette innlegget, publisert same dag som FN-toppmøtet om klima i Doha startar, er ei utdjuping av eit intervju i NRK Sogn og Fjordane i dag om same tema. Du finn nettversjonen av intervjuet på denne linken.


"Det er vanskelig å spå - især om fremtiden", sa den danske humoristen Storm P. Måten vi menneske som oftast løyser dette problemet på, er enkel: Vi forestiller oss framtida som ei framskriving av fortida. Er noko slik eller sånn i dag, vil det sikkert vere slik og sånn i framtida. Har ein trend gått opp dei siste 20 åra, vil han sikkert gå opp i same tempo i 20 år til. Så planlegg vi samfunnet om 20 år som ei framskriving av samfunnet og utviklingstrendane vi har sett fram til i dag.

Ingen tvil om at det er lettast. Men det er ikkje dermed rettast.

Framtidas vinnarar - bedrifter, nasjonar og regionar - er dei som først ser store endringar som er på veg, og tilpassar seg dei framfor å henge att i fortida. Å planlegge framtida basert på fortida kan vere eit alvorleg feilgrep. Berre spør Kodak, som fann opp digitalkameraet i 1975, men lot det ligge i skuffa fordi det braut med teknologien dei då hadde 90% av verdsmarknaden på: Fargefilm.

Måndag 19. november 2012: Togradersmålet
Måndag 19. november la Verdsbanken fram ein ny rapport som feia det meste av tvil til side om at klimaendringane held på å bli dramatisk større og meir alvorlege enn vi til no har gått ut frå. Issmeltinga i Arktis akselererer. Pol-isen er rett og slett i ferd med å forsvinne - i større tempo enn nokon hadde fantasi til å førestille seg berre for 10-20 år sidan.

Nedsmelting av overflateis på Grønland i løpet av fire dagar i juli 2012. Kjelde: NASA/Verdsbanken, ref http://climatechange.worldbank.org/content/climate-change-report-warns-dramatically-warmer-world-century 
Samtidig la det amerikanske klimainstituttet NOAA fram statistikk som synte at oktober 2012 var den 332. månaden på rad (!) med temperaturar over snittet for 1900-talet. Sagt på ein annan måte: Er du fødd etter 1985, har du aldri opplevd ein månad der temperaturen på jorda har vore under gjennomsnittet for det 20. århundret.

Verdensbanken og det internasjonale energibyrået (IEA) ropar no varsko: Vi snakkar ikkje lenger om å hindre den raskaste globale klimaendringa på over 1 million år. Vi snakkar no kun om vi greier å avgrense temperaturstigninga til å bli ca 2 grader - og ikkje 4-5 grader varmare i snitt på jorda. Det siste vil gjere store område av verda rundt ekvator nær ubebueleg. Dagmar, Sandy, tørkesommaren i USA 2012 vil då ikkje bli unntaka, men normalen. Verdsbanken seier det relativt presist i sin rapport frå sist måndag: "The projected 4°C warming simply must not be allowed to occur—the heat must be turned down."

Kva må så til for å unngå dette, og stoppe oppvarminga av jorda på ca to grader - det som no blir kalla "togradersmålet"?

Jo, det finst eitt - og berre eitt - svar: Vi må lynraskt bremse bruken av fossile brennstoff - kol, olje og gass. Klimagassutsleppa i verda må nå toppen før år 2020, og deretter reduserast raskt og kraftig. Over 2/3 av dei olje- og gassreservane vi allereie har påvist, må bli liggande i bakken for all framtid. Tar vi ut meir olje enn det, klarer vi rett og slett ikkje å avgrense den globale temperaturstigninga til ca to grader. 

Måndag 19. november 2012: Det nye oljeeventyret
Måndag 19. november 2012 kom det óg ei etterlengta gladmelding frå Høgskulen i Bergen: I 2013 blir det for første gong starta opp oljeutdanning i Sogn og Fjordane - ei ingeniørutdanning i Florø innanfor subseateknologi på olje og gass. Den nye utdanninga kjem på toppen av alle nye bedrifter og nye petroleumsretta satsingar som allereie er på rask veg opp i Florø. Oljealderen er omsider komen for fullt til Sogn og Fjordane.

Dei fleste av oss - meg inkludert - helsar "oljeboomen" i Florø velkomen. Oljen har gitt Noreg vekst og velstand i fleire tiår. Det er på høg tid at Sogn og Fjordane får vår del av verdiskapinga knytt til olje- og gassaktiviteten som allereie er sett i gang eller planlagt sett i gong utanfor vår kyst.  Mange har jobba målretta i mange år for å få det til, og dei fortener stor honnør for jobben dei har gjort.

Problemet er at samtidig som dette no omsider skjer, er ikkje petroleum lenger synonymt med ei trygg framtid. Oppbygginga av oljemiljøet i Florø skjer ut frå ei forventing om at veksten i olje- og gassnæringa vil halde fram som den har gjort til i dag. NHO-direktør i SFj Jan Atle Stang stadfester dette i intervju med NRK Sogn og Fjordane i dag: "Men dette (dvs satsing på fornybar energi) må ikkje gå på kostnad av redusert fokus på petroleum, det er denne næringa som genererer mest aktivitet og som kjem til å gjere det i mange tiår framover."

Her er vi ved sakens kjerne. Statoil og oljenæringa elles riggar seg (bokstaveleg talt) for auka petroleumsaktivitet i fleire tiår framover. Lokalt, nasjonalt og globalt. Dei følgjer firegradersprognosa, ikkje togradersmålet.

Vi riggar oss til ei oljeframtid som kræsjar med klimautfordringa, som ikkje er foreinleg med sjølv nøkterne prognoser frå Verdsbanken, IEA og FNs Klimapanel om at oljetoppen må vere nødd før 2020, og aktiviteten trappast raskt ned etter det.

Som Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell sa det på Zerokonferansen same dag som Verdsbankens rapport vart lagt fram: "Brorparten av våre fossile ressursar må forbli urørt. Vi veit at vi ikkje kan fortsette å gjere meir av det same om vi skal nå klimamåla. Skal vi nå togradersmålet må dette også få konsekvenser for norsk oljeutvinning. Fakta må ha makta i klimadebatten."

Å satse på ei framtid bygd på petroleum, det er høgrisikosport i 2012.

Worlds collide: Kva gjer vi?
Energipolitikken er altså på veg inn i eit paradigmeskifte - akkurat i det Sogn og Fjordane omsider er på veg inn i det gamle paradigmet. Kva konsekvensar vi skal trekke av dette, frå vår ståstad i Sogn og Fjordane? Skal vi til dømes stoppe og motarbeide satsinga som for tida skjer knytt til petroleum i Florø?

Etter mitt syn: Nei. Men vi skal vite kva vi vil med den vidare.

Eg meiner det som no skjer i Florø - ikkje minst etableringa av ei ingeniørutdanning - kan nyttast til beste både for klima, verdiskaping og regional utvikling. For fyrste gong får vi etablert eit teknologisk tungt utdanningsmiljø i Sogn og Fjordane innanfor energi. Vi får fleire unge til å styre seg inn mot realfag, ingeniørfag, energi og teknologi - ikkje berre idrett og mediefag, som ut frå siste vekers debatt i fylket om framtidas vidaregåande skule ser ut til å vere det viktigaste ungdom i fylket bør satse på. Eit trendskifte i retning realfag og teknologi vil vere gull verdt. 

Men oljen må ikkje bli målet. Oljeeventyret og petroleumskompetansen - i Florø og andre stader - må brukast som eit springbrett over til satsing på ei fornybar framtid.

Skal vi greie jobben som står føre oss for å bremse klimaendringane, krevst knallhard satsing på ny teknologi, fornybar energi og grøn industri. Der har vi verdas beste utgangspunkt i Sogn og Fjordane. Vi har enorme energiressursar - av dei beste i landet og verda - i vind og vatn. Vi har fjordvarme og biovarme. Vi har industrimiljø som er knallgode på å foredle fornybar, kortreist kraft til å lage aluminium og silisium. Vi kan tilby verda grøn datalagring, grøn energi, grøn sjømat og grøn industri. Vi er som skapt for fornybarsamfunnet.

I Sogn og Fjordane må vi difor - viss vi skal møte framtida offensivt - styre ressursane, kompetansen, investeringsmidlane og innovasjonsapparatet inn mot det fornybare, ikkje mot det fossile. Vi må setje like mykje ressursar inn på å bli best i fornybarøkonomien, som oljeselskapa no legg på bordet for å få ungdom inn i fossiløkonomien. Vi må vite kva vi vil.

Her er - som eit startpunkt for debatten - ei fempunktsliste for fornybarfylket Sogn og Fjordane:
  1. Stille krystallklare krav om elektrifisering av olje- og gassaktiviteten utanfor Sogn og Fjordane - både med kablar frå land og med til dømes offshore vind ute på petroleumsfelta.
  2. Seie ja til å bygge ut vindkraft, småkraft og anna fornybar energi - og heie fram nye store vindkraftprosjekt som til dømes Lutelandet framfor å rygge unna.
  3. Legge ein strategi for å bygge utanlandskablar som forsyner Europa med rein straum frå Sogn og Fjordane, på same måte som ein no gjer frå Sørlandet og Sørvestlandet.
  4. Investere tungt i grøn industri og ny grøn energiteknologi: Fjordvarme, grøn datalagring, silisium, aluminium, leverandørindustri til offshore vind med meir.
  5. Investere i å bygge opp utdannings-, FoU- og kompetansemiljø på fornybar energiteknologi og leverandørindustri til fornybarnæringane. Sett på spissen: Vi bør legge ti gongar meir i potten for å få på plass greentechutdanning, enn oljebransjen no gjer for å få på plass subseautdanning! 
Lista er ufullstendig, men det er eit startpunkt.

Sogn og Fjordane skal gle seg over oljeboomen i Florø - men ikkje lulle oss inn i ei tru på at det er den som er framtida. Oljeboomen i Florø er eit springbrett, og det er langt betre å ha eit springbrett enn ikkje å ha det. Vi må berre sørge for å ta fart og hoppe vidare i tide. Mot ei fornybar framtid.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar