mandag 29. april 2013

Å investere i framtida

Tør vi ta risikoen på å gamble med vår felles formue på at FN og det store fleirtalet av forskarar i verda tar feil i klimasaka? 

Kan vi forsvare overfor våre barnebarn at vi set milliardar av offentlege kroner inn på å "vedde mot framtida", og investerer i selskap der verdiane er bygd på at vi skal utvinne dei 2/3 av verdas fossilreservar som forskarane seier må ligge i bakken, om ikkje klimaendringane skal kome ut av kontroll?

Skal Noreg, med vår enorme finansformue, bidra til å framskynde overgangen frå eit fossilsamfunn til eit fornybarsamfunn, eller skal vi investere i å forseinke og obstruere den overgangen som uansett må kome?



Vindmøller på Mehuken i Vågsøy, Sogn og Fjordane

Denne debatten er i gang i heile verda. I USA har store byar som Seattle og San Fransisco allereie trekt investeringar ut av fossilindustri. Store selskap som Adidas, Nike, Intel, Starbucks og Timberland utfordrar myndighetene på å vurdere det same. I Sverige er grønne finansprodukt ein sjølvsagt del av porteføljen for mange finansforvaltarar, og blir etterspurt av både private, offentlege og institusjonelle investorar.

Leiande økonomar snakkar no ope om ei mulig "karbonboble" på verdas børsar, og kva som vil skje dersom denne sprekk. Til og med vår eigen sentralbanksjef, Øystein Olsen, understreker no at vi må forvente at oljeprisen vil stupe umiddelbart dersom det kjem på plass internasjonale klimaavtaler - noko som berre er eit spørsmål om tid.

Så sjølv om debatten så smått er i gang også i Noreg, er han framleis berre på skrivebordsstadiet. Det er ikkje godt nok. Difor er eg glad for at Eid kommune no, som den første kommunen i landet, tek opp klimahansken.

Eid kommune i Sogn og Fjordane, med 6.000 innbyggjarar, har ca 120 mill NOK i langsiktige finansielle aktiva forvalta av profesjonelle finansforvaltarar. I tillegg kjem ca 250 mill kr i pensjonsfond, forvalta av KLP. Kommunestyret i Eid vedtok nylig å starte ein prosess for korleis kommunens investeringar kan få ein grøn profil. I vedtaket heiter det:

"Eid kommune startar ein prosess for å vurdere muligheitene av å sikre ein grøn, miljøvennlig profil på kommunen sine fondsinvesteringar, utan at det svekkar dagens krav til avkastning og risiko. Ei eventuell avgjerd om å innføre krav til «grøn finansforvaltning» blir å kome tilbake til som eiga sak"

Vi skal ikkje gamble, ikkje setje felleskapets pengar på spel. Vi skal starte forsiktig, rett og slett med å møte våre tre finansforvaltarar for å utfordre dei på kva muligheiter som finst i marknaden i dag for å gi Eid kommune sine fondsmidlar ein "grøn profil". Allereie neste veke skal vi møte vår pensjonsforvaltar KLP, og dei andre kjem etter i nær framtid.

Eg vil trekke fram fire hovudargument for kvifor det er viktig med grøn forvaltingsprofil på kommunen sine aksje- og pensjonsinvesteringar.
  1. Kommunen er ein langsiktig investor som må sjå minst ti, tjue og tretti år fram i tid. Dette handlar ikkje om å "avblåse oljealderen" over natta. Noreg lever godt, og vil framleis leve godt av olje og gass ei stund til. Men ikkje for alltid. 
  2. Verdssamfunnet er enig om at olje, kol og naturgass av klimaomsyn over tid skal erstattast med fornybare energikjelder. Å plassere offentlege fondsinvesteringar i selskap som berre vil gi avkasting dersom klimapolitikken slår feil, er direkte uansvarleg. 
  3. I følgje Det Internasjonale Energibyrået (IEA) må 2/3 av verdas kjente fossilreserver bli liggande urørt dersom vi skal unngå ei global oppvarming på meir enn to grader. Mange fossile selskap har i dag bokført store reservar som ikkje kan utvinnast dersom togradersmålet skal nåast. Dette er reservar uten verdi dersom klimapolitikken skal takast på alvor. 
  4. Fornybar energi og klimavennlig teknologi treng investeringar - noko som vil utløyse vekst og verdiskaping over heile landet, ikkje minst i Sogn og Fjordane og på Vestlandet. Eg helsar overgangen til fornybarsamfunnet velkomen. Eg trur vi på Vestlandet vil kome godt ut av det også - slik vi har gjort det ved alle energirevolusjonar i verda dei siste hundre åra. Det handlar om å vere i forkant og sjå muligheter, framfor å stikke hovudet i sanden og håpe endringane ikkje kjem. 
Med dette er hansken kasta. Det er aldri behageleg å stikke hovudet fram, men nokon er no rett og slett nødt til å gjere det. Heile mitt politiske engasjement som liberalar og Venstre-mann er bygd på at vi alle må gjere vårt, at vi har eit sjølvstendig ansvar for å skubbe verda dei små stega i riktig retning. I motsetnad til ein sosialdemokratisk innfallsvinkel til verda der kvar enkelt sit passiv og "stolar på systemet", eller ein konservativ innfallsvinkel der vi ikkje endrar noko før vi må.

Uavhengig av kva Jens Stoltenberg til ei kvar tid måtte rekne seg fram til i ein global modell, har vi andre til ei kvar tid eit sjølvstendig ansvar for kritisk å vurdere korleis vi som forvaltar av felleskapet sine midlar skal unngå å "vedde mot framtida".

I klimasaka er endring heilt nødvendig - og ikkje minst smart for å sikre felleskapets verdiar for framtida. Framtida er fornybar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar