tirsdag 9. september 2014

Kommunereform: Større kommuner - større oppgåver


Den nye Regjeringa har fyrt av startskotet for ein storstilt kommunereform - den fyrste kommunereformen i Noreg sidan 1964. Det er bra, og på høg tid. 

Måten reformen blir starta opp på, er litt meir pussig. Kommunar over heile landet blir no bedt om å ta den "gode nabopraten" med kommunane rundt - for å kome fram til det Kommunalminister Jan Tore Sanner kallar "gode lokale løysingar" for kommunesamanslåing.




Eit samla kommune-Noreg stiller då eit betimeleg spørsmål: Det er kjekt å møtes for å prate, men når Regjeringa ber oss finne ut korleis eit nytt kommunekart skal sjå ut: Kva oppgåver er det då dei nye kommunane skal løyse?

Er det same oppgåver som i dag? Færre? Fleire? Skal vi rigge oss til å kunne ta imot nye oppgåver som skal flyttast ned fra stat og fylke? 


Det vil ikkje Jan Tore Sanner svare på. Regjeringa vil at kommune-Noreg først skal bli enige om struktur, og så skal vi etterpå få vite kva oppgåver den strukturen vi då har kome fram til, burde ha vore eigna til å løyse.

Dette er etter mitt syn på grensa til det useriøse. Det er litt som å bli sendt på butikken for å handle inn til fest, for først etterpå å få lov å vite kor mange som er bedt. 

Kor store kommunar vi skal ha og kva oppgåver dei nye kommunane skal ha, høyrer uløyseleg saman.

Eg meiner kommune-Noreg kan vri Regjeringas manglande svar om kommunens oppgåver til noko positivt: Når Regjeringa ikkje vil meine noko. får rett og slett vi ute i kommunane gjere jobben sjølve.Vi kan som kommunepolitikarar sjølve sørge for å teikne eit kommunekart som gir kommune-Noreg meir makt, fleire oppgåver og desentralisering av mynde frå staten (og fylka)  i framtida. Så kan vi krevje denne desentraliseringa av makt som ein del av reformen. Større kommuner = Fleire oppgåver.

Vi kan sjølvsagt også velje det motsette: Vegre oss frå å endre dagens kart, sitje stille i båten og sjå på at dagens småkommuner gradvis blir tømt for oppgåver. Då vil vi få klapp på skuldra for å ha berga 1964-kommunen vår nokre år til inn i framtida. Men det vil i praksis føre til gradvis mindre lokalt sjølvstyre, og gradvis meir makt til ein sentralisert stat.

Det hjelper lite å styre sjølv dersom dei lokale einingane blir for små til å ha særleg mykje å styre med.
Så difor: Her er mitt forsøk på å skissere framtidas kommunale oppgåver - i form av tre tenkte scenario for framtidas kommunekart i mitt heimfylke, Sogn og Fjordane - med 70 kommunale og statlege oppgåver plassert i dei tre scenaria. 

OBS - eg har laga denne tabellen i Excel, slik at han er lett å jobbe med for dei
som vil vidareutvikle han. Dei som vil ha tilgang til Excel-fila, kan sende meg
ein mail på alfred@venstre.no
Mi liste dekker ca 50 oppgåver kommunene har i dag pluss ca 20 nye oppgåver det er mulig å tenkje seg i framtida. Lista er ikkje meint å vere komplett, men er meint som eit startpunkt for debatt. Den syner i det minste kor mangfaldige kommunens oppgåver faktisk er - og kor mykje meir det er mulig å gjere dersom vil vil og evnar gjere kommunene sterkare.

Og sjølv om eg har valt mitt eige fylke Sogn og Fjordane som døme, trur eg oversikta er relevant også mange andre stader i landet (storbyområda unnateke). 

Som tabellen syner, er det enorme skilnader i kva av dei til saman 70 oppgåvene det er mulig å løyse innanfor kommunegrensa - avhengig av kva kommunemodell ein landar på.

Scenario 1 for kommunereform:
Dagens småkommunestruktur med justeringar
Sogn og Fjordane har i dag 110.000 innbyggjarar fordelt på 26 kommuner.



Scenario 1 er å gjere berre mindre justeringar av kommunekartet - slik at det framleis er mange kommuner med 2-5.000 innbyggjarar i fylket. I dette scenarioet er talet på kommuner ca 20 totalt i Sogn og Fjordane, korav 4-5 kommuner i Nordfjord (i dag 6-7). 

Mange ser ut til å ta det som sjølvsagt at eit kommunekart som er uendra, også betyr at oppgåvene og handlingsrommet til kommunene blir uendra i framtida.

Det meiner eg er ei alvorleg misforståing. Som tabellen over syner, vil slike småkommuner i framtida i hovudsak berre kunne handtere drift av ein del breie basistenester: Drift av barnehage, grunnskule, heimetenester og sjukeheim.

Alle andre oppgåver - og alt strategisk utviklingsarbeid - vil i eit slikt scenario bli "løfta ut" av kommunen - til interkommunale ordningar, til eksternt tenestekjøp frå private eller til ei stadig meir omfattande statleg forvalting. Det skjer dels fordi krava til innhald og kompetanse i tenestene veks - dels på grunn av teknologisk utvikling.

Kort sagt: Dagens småkommune vil ikkje overleve inn i framtida anna enn som ein rein "driftsleverandør" av nokre tenester som må og skal vere nær er folk bur.

Det er mulig - ja - men ingen framtidsretta modell for dei som vil ha eit sterkt lokalt sjølvstyre med "lokal motmakt" til ein sterk og sentralisert stat. 

Scenario 2 for kommunereform:
Kommunereform light
I Scenario 2 er talet på kommuner i fylket ca halvert: Frå 26 til 10-15 kommuner med ca 8-15.000 innbyggjarar. I Nordfjord er det i dette scenariet 2-3 kommuner.

Eit slikt kommunekart vil gjere det mulig å løyse ein god del fleire oppgåver innanfor kommunens grenser. I tillegg til basistenestene nemnt over, meiner eg slike kommuner vil kunne handtere ein del kultur- og næringsoppgåver, byggesak og eigedomsforvalting, brann og beredskap med meir - jmf kolonne 2 i tabellen. 

Likevel: Heller ikkje ein slik kommunemodell gjer det råd å unngå ei vesentleg overflytting av makt og oppgåver til interkommunale organ. På viktige område som barnevern, store deler av dei kommunale helsetenestene, strategisk næringsutvikling og miljø-/arealforvalting vil ikkje desse kommunane kunne løyse oppgåvene sjølve nokre år fram i tid - ettersom krav til kompetanse, fagleg breidde og teknologisk utvikling skyt fart.

Og endå meir sikkert: Ein slik kommunestruktur vil like lite som dagens småkommuner gjere det mulig å flytte oppgåver ned til kommunene frå fylke og stat. Desentraliseringsgevinsten ved reformen uteblir - staten sit framleis med bukta og begge endane i styringa av norske lokalsamfunn.

Scenario 3 for kommunereform:
Bu- og arbeidsmarknadsregionar som dei nye kommunene
I Scenario 3 er talet på kommuner redusert frå 26 heilt ned til 4-7. Dei nye kommunene utgjer samla store bu- og arbeidsmarknadsregionar med 20-30.000 innbyggjarar.

Illustrasjonsdøme laga med Bergen Tidendes "Kommunebyggjar"


Nordfjord er i dette scenariet éi kommune - eventuelt er ytre Nordfjord del av ein "Stor-Florø"-kommune på kysten, og midtre/indre Nordfjord del av ein "Stor-Volda"-kommune som kryssar fylkesgrensa til Møre og Romsdal (dette speler prinsipielt sett ingen rolle i min modell - det spørs fyrst og fremst kva veg kommunene i Ytre Nordfjord ynskjer å samarbeide).

I Scenario 3 er kommunene i Sogn og Fjordane store nok til å vere i stand til å handtere så godt som alle oppgåver kommunene har ansvar for i dag - inkludert alle dei "samfunnsutviklande" oppgåvene som berre kan løysast på eit samla bu- og arbeidsmarknadsregionnivå. (Det finst nokre få unnatak som eg ikkje kjem nærare inn på her: T d krisesenter og alarmsentral, som også i denne modellen må løysast interkommunalt.)

Med ein slik kommunestruktur vil ein også oppnå noko anna, og endå viktigare: Ein har laga kommunar som er i stand til å handtere ei sterk desentralisering av oppgåver frå fylkeskommune og stat - jmf dei nederste 20 radene i min tabell.

I tillegg vil desse kommunene bli langt meir likeverdige samarbeidspartnarar med krattskogen av statlege regionale etatar som uansett vil vere der. Eg ser for meg at det med kommuner på denne storleiken kan etablerast noko a la "Statens Hus" i kvar kommune (ikkje nødvendigvis bokstaveleg, kan også vere virtuelt og spreidd på fleire lokasjonar), der dei ulike statlege etatane kan vere under ein paraply lokalt, og det er eit samla kompetansemiljø med desentrailserte statlege arbeidsplassar som blir attraktivt for høgare utdanna arbeidskraft å søke til.

Med andre ord: Statlege etatar kan langt meir enn i dag rekruttere arbeidskraft over heile landet - plassere dei i eit samla kompetansemiljø i ei ny og stor regionkommune. På den måten kan vi gjere alvor av det gamle slagordet om å ta heile landet i bruk også når det gjeld rekruttering av akademisk arbeidskraft - eit prosjekt den raudgrøne Regjeringa med Senterpartiet i spissen har brukt dei siste åtte åra til å mislukkast totalt med.

Kva vil vi - bevare eller fornye?
Desse tre scenaria er laga for å skape debatt - og hjelpe til med å kome frå ulne slagord til konkrete diskusjonar om kva framtidas kommunar kan og bør drive med.

Eg går ut frå at mange vil vere dundrande usamde i ein del av mine vurderingar av kva oppgåver som kan løysast kvar. Det er heilt greit - eg skal ikkje avvise at enkelte av mine vurderingar av einskildoppgåver kan vere unøyaktige. Men uansett: La oss no ta debatten! La oss få oppgåvene på bordet - bli samde om kvar dei best kan løysast, og også sjå heilt konkret kva oppgåver i fylke og stat som kan flyttast over til kommunene i framtida - dersom kommunestrukturen legg til rette for det.

Vi kan ikkje som lokalpolitikarar sitje med hendene i fanget og vente på at Jan Tore Sanner skal gi oss fasiten på kva oppgåver vi skal drive med. Vi må ta skeia i eigne hender - og "tenke sjæl".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar